Tusenbein
2–3 årDet skjer mykje spennande med barna i denne alderen 2-3 år, og utviklinga går fort. Språket kjem meir og meir, og barna blir stadig flinkare til å setje ord på ting, og fortelja kva dei vil og kva dei tenkjer. Dei vil òg gjerne klara ting sjølve, og me ser mykje meistring og «eg kan sjølv» i løpet av dagen.
Leiken har òg utvikla seg mykje. Barna leikar meir saman no, og me ser starten på mykje fin rolleleik. I løpet av ein dag er me innom det meste – alt frå roleg leik, puslespel og bøker til full fart med springing, dansing og boltreleik.
På Tusenbein-gruppa er me i år 12 barn, 7 gutar og 5 jenter. Dette er ein gjeng som er veldig glad i å vera ute. Her får me springa, hoppa, balansera og leika i sanden. Barna likar godt å utfordra seg sjølve, og me finn dei blant anna i klatrestativet, på toppen av berga eller på oppdagingsferd rundt på uteområdet.
Men det er kjekt å vera inne òg. Her går det mykje i bilar, togbanen, puslespel, dokker og leik i kjøkkenkroken. Barna er òg glade i bøker, song og musikk. Innimellom passar det godt å roa litt ned med ei bok, songkort, bevegelsessongar eller ei av eventyrkassane våre.
No i starten går me mest på tur i nærområdet. Me øver på å gå saman og halda ei hand når me går langs vegen. Når me kjem fram, får barna utforska litt meir på eiga hand, med ein vaksen i nærleiken. Me går blant anna til leirplassen vår i skogen og Museumsparken. Etter kvart som me blir meir vane med å gå på tur saman, kan me ta litt lengre turar.
Me gler oss til eit kjekt år saman med denne fine Tusenbein-gjengen!
Me har eigen kokk som lagar god og næringsrik mat. Kokken kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm, så dei vaksne får bruke tida si saman med barna. Maten kostar kr 470 i månaden.
Frukost
Kvar dag. Brødmat med variert pålegg.
Varmmåltid
Fire dagar i veka. Suppe, graut og den populære osteskjeva.
Onsdag: middag
Kyllinggryte i kokos og karri med ris, brokkoli og babymais.
Middagsmenyen
Rullerande over to månader. Onsdagsmiddagen denne veka er markert.
Supper laga frå botnen
Servert med nybakt grovbrød eller krutongar. Bursdagar markerer me med flagg, song og smoothie.
Planleggingsdagar
Barnehagen er stengt
Julafta
Barnehagen er stengt
Nyttårsafta
Me stengjer kl. 12.30
Opningstid og ferie
Open kvardagar 06.30–16.30. Barnehagen er stengt 5 planleggingsdagar i året. Alle barn skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret, 3 av dei samanhengande mellom 01.05. og 31.08. Barnehagen held stengt 2 veker i juli.
Last ned barnehageruta 2026/27 (PDF) →Praktisk informasjon
Last ned
Lenker
Alle gruppene


