Marihøne
0–1 årMarihønegruppa er dei yngste barna i barnehagen. Me er tre vaksne på gruppa og når me startar nytt barnehageår har me åtte barn på gruppa vår. Dei er tre jenter og fem gutar som alle i fødd i 2023. Ikkje alle startar i august, så i august og september kjem tilvenning til å stå i fokus. Me skal gjere oss kjende med dei nye små, og bruke tid på å skape gode relasjonar mellom oss og barna, og barna imellom. Dei er nye i barnehagelivet, og skal gjere seg kjende med og ikkje minst bli trygge på ein ny kvardag saman med nye barn og nye vaksne. Me ønsker å leggje til rette for ein god start slik at dei kan oppleve alt det nye på ein trygg og god måte.
På småbarnsavdeling vår er me to grupper, Marihønegruppa og Humlegruppa. Me samarbeidar tett, og barna og dei vaksne kjem til å kjenne kvarandre godt. Her er me skjerma frå resten av barnehagen. Då kan dei minste barna få utforske og gjere seg trygge i sitt eige tempo. Me har to leikerom og eit stort fellesrom, så me har god boltreplass. Rett utanfor har me eit eige leikeområde som er for dei minste.
Men sjølvsagt er det spennande å utforske andre område av barnehagen, og helse på dei andre ungane og kanskje søsken, så det legg me tilrette for etterkvart. Me utforskar litt og litt og oppdagar nye ting og nye leikeområde. Me er heldige og har skogen rett i nærleiken, og vår eigen leirplass berre ein liten gåtur unna. Der skal me gjere oss nye erfaringar og få nye opplevingar. Me gler oss til å bli kjende med Marihønegruppa og dele kvardagen vår med dei.
Me har eigen kokk som lagar god og næringsrik mat. Kokken kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm, så dei vaksne får bruke tida si saman med barna. Maten kostar kr 470 i månaden.
Frukost
Kvar dag. Brødmat med variert pålegg.
Varmmåltid
Fire dagar i veka. Suppe, graut og den populære osteskjeva.
Onsdag: middag
Kyllinggryte i kokos og karri med ris, brokkoli og babymais.
Middagsmenyen
Rullerande over to månader. Onsdagsmiddagen denne veka er markert.
Supper laga frå botnen
Servert med nybakt grovbrød eller krutongar. Bursdagar markerer me med flagg, song og smoothie.
Planleggingsdagar
Barnehagen er stengt
Julafta
Barnehagen er stengt
Nyttårsafta
Me stengjer kl. 12.30
Opningstid og ferie
Open kvardagar 06.30–16.30. Barnehagen er stengt 5 planleggingsdagar i året. Alle barn skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret, 3 av dei samanhengande mellom 01.05. og 31.08. Barnehagen held stengt 2 veker i juli.
Last ned barnehageruta 2026/27 (PDF) →Praktisk informasjon
Last ned
Lenker
Alle gruppene


