Humle
1–2 årHumlegruppa er ei gruppe på 9 barn og tre vaksne. I haust er det ein rein gutegjeng på Humlegruppa, alle fødd i 2025. Alle starta opp i august, ein flott gjeng som skal verte godt kjend og få det kjekt saman. Den fyrste tida vil me bruka til tilvenning og det å verte trygg i barnehagen.
Me vil bygga trygge, gode relasjonar mellom barn-barn og mellom barn-vaksne. Me er på golvet saman med dei og er tett på barna i leik og samspel. Slik kan me verte kjent, lytte til det dei utrykker og støtte dei til utvikling. Me er ladestasjonar for barna våre og vil vera ein trygg base. Ein trygg base som gjer dei rusta til å utforske og utvikle seg best mogeleg. Humlegruppa elskar song og musikk, dans, klatring, hopping og aktivitet som møter heile barnet.
Marihønegruppa og Humlegruppa har eigen base nede i kjellaren, her har me god plass med eigne grupperom og eit stort fellesrom. På den måten er me meir skjerma frå resten av barnehagen og kan legge godt til rette for dei yngste barna. Det er også eit eiget uteområde knytt til vår base, her har me god oversikt og kan legge til rette for leik og utforsking tilpassa dei små. Skogen er tett på barnehagen vår og me kjem til å bruke mykje tid der, tid til utforsking og oppdaging.
Å leike ute er kjekt, spesielt når det er fint ver, men me trivest også ute dei dagane me har vanleg vestlandsver. Då kan me mellom anna leike og sutle med vatn, hoppe i søledammar, grave og styre med sand og stein. Leirplassen i skogen ligg også i nærområdet vårt og her er det stas å utforske og leike. Me kjem også til å nytte oss av det fine uteområdet borte ved Sunnhordaland museum, ein liten spasertur frå barnehagen.
Me har eigen kokk som lagar god og næringsrik mat. Kokken kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm, så dei vaksne får bruke tida si saman med barna. Maten kostar kr 470 i månaden.
Frukost
Kvar dag. Brødmat med variert pålegg.
Varmmåltid
Fire dagar i veka. Suppe, graut og den populære osteskjeva.
Onsdag: middag
Kyllinggryte i kokos og karri med ris, brokkoli og babymais.
Middagsmenyen
Rullerande over to månader. Onsdagsmiddagen denne veka er markert.
Supper laga frå botnen
Servert med nybakt grovbrød eller krutongar. Bursdagar markerer me med flagg, song og smoothie.
Planleggingsdagar
Barnehagen er stengt
Julafta
Barnehagen er stengt
Nyttårsafta
Me stengjer kl. 12.30
Opningstid og ferie
Open kvardagar 06.30–16.30. Barnehagen er stengt 5 planleggingsdagar i året. Alle barn skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret, 3 av dei samanhengande mellom 01.05. og 31.08. Barnehagen held stengt 2 veker i juli.
Last ned barnehageruta 2026/27 (PDF) →Praktisk informasjon
Last ned
Lenker
Alle gruppene


