Godt rusta for framtida.
Seks små grupper med trygge vaksne, ein kokk på kjøkkenet og skogen rett utanfor døra.
Kor gammal er barnet ditt?
Gruppene våre
Barna følgjer gruppa etter alder. Kvar gruppe har sine eigne vaksne, sin eigen rytme og sine eigne turar.
Meir tid saman med barna
Eigen kokk
Kokken kjem utanom både pedagognorm og bemanningsnorm. Tre måltid om dagen for kr 470 i månaden.
Ingen dugnad
Barnehagen organiserer alle arrangement sjølv.
Eigen barnehagebil
Så me kjem oss på tur, også lenger enn beina rekk.
Veksthus og grønsakshage
Barna plantar, haustar og lærer kvar maten kjem frå.
Kvardagen
Opningstid
06.30–16.30
Open på kvardagar. Nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag stengjer me kl. 12.30. Julafta er me stengt.
Kalender
Planleggingsdagar
Barnehagen er stengt
Julafta
Barnehagen er stengt
Nyttårsafta
Me stengjer kl. 12.30
Middag på onsdag
Kyllinggryte i kokos og karri med ris, brokkoli og babymais.
Frukost, lunsj og frukt kvar dag for kr 470 i månaden. Kokken lagar varm mat fire dagar i veka.
Sjå heile menyen →For foreldre
Planar, reglar og praktisk informasjon, samla på ein stad.
Lyst å vite meir?
Ring eller send ein e-post til Lene. Ho tek gjerne ein prat om barnet ditt, svarar på spørsmål og viser deg rundt i barnehagen.