Grashoppe
3–4 årGrashoppegruppa er ein gjeng på 17 barn i alderen 2 til 3 år fødd 2023 og 2024. Det er ein kjekk gjeng som er travelt opptatt av noko heile dagen, både ute og inne. Starten av dagen har me gjerne samling der me syng, fortel om dagen, les eller fortel historier. Barna har òg moglegheit til å koma med innspel.
I denne alderen er det ein del barn som byrja med rolleleik og dei leikar kjekt med dokker. Dokkene for ofte vera med til kjøkkenkroken der det blir servert mykje god mat og drikke. Aktivitetar med bil og togbane er og populært saman med rolleleiken. Rundt bordet sitt me og teiknar eller finn fram puslespel. Inni mellom tar me fram leikedeigen. Deigen er mjuk og lett og forme og her får dei brukt kreativiteten sin.
Tysdag har me turdag. Då bruka me det fine nærmiljøet vårt rundt barnehagen. Me har ein kjekk leirplass borti skogen med mange spanande stiar rundt. Me kan gå til kyrkjeberget og mata ende og me kan gå stien med Frugårdselva. Så har me museumsparken i nærleiken og moglegheit til å få koma å sjå i husa på museet (Sunnhordaland museum).
Me ser skikkeleg fram til eit kjekt barnehageår saman med desse kjekke grashoppene!
Veka vår
Me har eigen kokk som lagar god og næringsrik mat. Kokken kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm, så dei vaksne får bruke tida si saman med barna. Maten kostar kr 470 i månaden.
Frukost
Kvar dag. Brødmat med variert pålegg.
Varmmåltid
Fire dagar i veka. Suppe, graut og den populære osteskjeva.
Onsdag: middag
Kyllinggryte i kokos og karri med ris, brokkoli og babymais.
Middagsmenyen
Rullerande over to månader. Onsdagsmiddagen denne veka er markert.
Supper laga frå botnen
Servert med nybakt grovbrød eller krutongar. Bursdagar markerer me med flagg, song og smoothie.
Planleggingsdagar
Barnehagen er stengt
Julafta
Barnehagen er stengt
Nyttårsafta
Me stengjer kl. 12.30
Opningstid og ferie
Open kvardagar 06.30–16.30. Barnehagen er stengt 5 planleggingsdagar i året. Alle barn skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret, 3 av dei samanhengande mellom 01.05. og 31.08. Barnehagen held stengt 2 veker i juli.
Last ned barnehageruta 2026/27 (PDF) →Praktisk informasjon
Last ned
Lenker
Alle gruppene


