Spørsmål og svar
Her finn du svar på vanlege spørsmål om kvardagen i Ås barnehage.
Når er barnehagen open?
Me har ope på kvardagar kl. 06.30–16.30. Sjå «Opningstid» og barnehageruta for stengte dagar og avvik.
Korleis søkjer me barnehageplass?
Bruk lenkja «Søk plass» på nettsida. Ho tek deg til kommunen sin søknadsportal.
Korleis fungerer tilvenninga?
Me tek utgangspunkt i ei god veke der barnet og foreldra blir kjende med barnehagen. Tilvenninga blir tilpassa kvart barn, i tett dialog med foreldra. Les meir under «Ny i barnehagen?».
Må barnet ha med niste?
Nei, me serverer tre måltid om dagen. Barna får frukost, lunsj og frukt saman med brød eller knekkebrød.
Kva om barnet treng spesialkost?
Ta kontakt med personalet dersom barnet har behov for spesialkost, slik at me kan snakka saman om kva barnet treng.
Kva klede og utstyr bør barnet ha med?
Barnet treng byteklede, regnklede og sko tilpassa årstida og vêret. Merk klede og utstyr med namn. Du finn ei meir detaljert liste under «Ny i barnehagen?».
Kva treng barnet til sovestunda?
Barn som skal kvile, må ha med eiga vogn, vognpose tilpassa årstida, teppe og varme soveklede. Barna søv ute, og ein vaksen har alltid tilsyn.
Kvar finn eg årsplan og barnehagerute?
Under «For foreldre» finn du årsplan, barnehageruter, vedtekter og annan praktisk informasjon.
Kven kontaktar eg om kvardagen til barnet mitt?
Ta kontakt med den pedagogiske leiaren på gruppa. Kontaktinformasjon finn du på gruppesida og under «Kontakt».